Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane er i dag eigd av bedrifter innan industri, marine næringar og andre næringar. Bedriftsnettverket skal saman med andre aktørar i Sogn og Fjordane stimulere til auka satsing på forskings- og utviklingsarbeid i bedriftene, der målet er å styrkje den enkelte bedrift si konkurransekraft. Saman skal vi arbeide for kunnskapsutvikling, innovasjon og nyskaping i Sogn og Fjordane. For å nå dette målet har Bedriftsnettverket utvikla ein heilskapeleg og langsiktig strategi, der det i dag inngår ei lang rekkje prosjekt som alle støttar opp om denne felles målsettinga.
Viktige mål med dei ulike prosjekta:
- Sikre tilgang på kvalifisert arbeidskraft til næringslivet i Sogn og Fjordane.
- Auke interessa for realfag blant born og ungdom i grunnskulen og i vidaregåande skule.
- Finne forbetringspotensiale i bedrifter ved bruk av fagtilsette frå FoU-miljø ved universitet og høgskular.
- Bidra med kompetanseutvikling i bedrifter i Sogn og Fjordane.
- Bidra til å auke FoU-innsatsen i små- og mellomstore bedrifter i Sogn og Fjordane.
- Utvikle innovasjonsprogram for auka satsing på produktutvikling og produktdesign i Sogn og Fjordane.
- Styrke samarbeidet mellom store og små bedrifter samt styrke samspelet mellom forskingsinstitusjonar og næringsliv.
- Auke samarbeidet mellom næringslivet i Sogn og Fjordane og bedrifter i EU-området.
- Kople studentar og fagmiljø ved universitet og høgskular mot bedrifter i Sogn og Fjordane.