Ønskjer du ein spennande karriere i heimfylket bør du velje ei utdanning som er tilpassa næringslivet sine behov. Som student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil du delta i Teknologiløftet i Sogn og Fjordane der høgskulen, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, NHO i Sogn og Fjordane og Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane samarbeider om overføring av ny kunnskap og ny teknologi til næringslivet.
Viktige mål med prosjektet:
• Finne forbetringspotensiale i bedrifter ved bruk av fagtilsette frå FoU-miljø ved universitet og
høgskular.
• Kople utviklingsprosjekt i bedrifter mot studentane sitt utdanningsløp.
• Gje studentane tilbod om utanlandsopphald som del av studiet.
• Sikre god bedriftspraksis og spennande prosjektoppgåver i bedrifter.
• Sikre tilgang på kvalifisert arbeidskraft til næringslivet og vere eit viktig bidrag til innovasjon og
verdiskaping.
• Etablere trainee-stillingar i næringslivet for nyutdanna kandidatar.
Kanskje blir du ein av dei heldige som kvalifiserer for ei trainee-stilling i ei bedrift etter fullført bachelorstudium. Som trainee får du arbeide med utviklingsprosjekt som er viktige for den bedrifta du får trainee-stilling i, og du får full lønn. Du får kanskje muligheit til å jobbe vidare med dei problemstillingane du arbeidde med i bachelor-oppgåva. Les meir om trainee-programmet i Sogn og Fjordane.
Last ned ettertrakta brosjyren her
