Pro2-programmet - Kompetanseprogram i designdrevet produktutvikling

Meir lønnsam produktutvikling ved integrert produktdesign

Ӂ drive god produktutvikling er ei utfordring for
dei fleste bedrifter. Det har tradisjonelt vore lite
fokus på å integrere produktutvikling og
produktdesign, men no ser vi eksempel frå
utlandet og lokalt på at systematisk satsing på
dette gir gode resultat.”


I eit samarbeidsprosjekt mellom Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge inviterar vi no 10 bedrifter til å bli med i Pro2-programmet, der hovudfokus blir å byggje bru mellom bedrifta sine produkt og brukarane sine behov. Dette skal skje ved å kople saman to viktige kompetansemiljø;  FoU-miljøet og designmiljøet. Erfaring har vist at dei som lukkast å
kople desse miljøa, og som samtidig arbeider systematisk med produktutvikling og produktdesign, oppnår gode resultat.

TIL OVERSIKT SAMLINGER >>


Mål med Pro2-programmet
•  sikre at ein utviklar produkt med fokus på dei reelle behova kundegruppa 
 har ved å kople saman produkt utviklings- og produktdesign-
 kompetanse.
•  auke kompetanse og fokus på å tenke strategisk produktutvikling og 
 produktdesign.
•  Forbetre bedrifta si lønnsemd på kort  og lang sikt.

Eige bedriftsprosjekt
Det er ønskjeleg at bedrifta har med seg eit konkret prosjekt/case. Deltakarane må
berekne noko arbeid med bedriftsprosjektet mellom samlingane. I arbeidet med eiga case vil bedrifta få tildelt ein erfaren ressursperson til å utvikle produktet. Ressursbehovet og val av aktuell kompetanse vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

• Pro2-programmet skal kople saman   produktutviklings- og produktdesign-
 kompetanse for å sikre at bedrifta ska lukkast med å utvikle meiningsfulle
 løysingar på reelle behov.
•  Pro2-programmet skal integrere  menneskedreven og teknologidreven 
 innovasjon.
•  Pro2-programmet skal auke  bevisstheita blant bedriftene i fylket på 
 å tenke strategisk på produktutvikling og  produktdesign.
Samlingar /Workshop.

Samlingane vil bli haldne på Transplant i Dale. Arbeidsforma vil vere førelesingar,
gjennomgang av case og arbeid med eige bedriftscase. Førelesarane har lang
erfaring frå næringsliv og har i tillegg kompetanse på produktutvikling
og produktdesign.  Fire samlingar vert gjennomført i perioden 
oktober/november 2008  –  oktober/november 2009. Samlingane vil gå over to halve dagar,
frå kl 13:00 til kl 18:30 første dag og frå kl 08:30 til kl 12:30 neste dag. 
Vi ønskjer at fleire personar frå kvar bedrift  deltek på samlingane.
Kostnader Kursavgift kr. 20.000,- per bedrift. Deltakarane
må sjølv betale opphald/reisekostnader og  eigen tidsbruk.  Det er ingen seminaravgift.
Kompetanseprogrammet, som er eit pilotprosjekt, er finansiert av Innovasjon Norge.

Meir informasjon og påmelding
For påmelding eller informasjon kontakt Ole T. Kleiven, 
ole.kleiven@hisf.no eller tlf. 977 10 909 Ring gjerne om du har spørsmål! 

Meld deg på her

‹‹ I dette kompetanseprogrammet skal vi gå frå nysgjerrigheit til forståing og
implementering - og til konkrete resultat  ute i bedriftene ››  Ole T. Kleiven,
Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane

    

  Du er her: Prosjekt * Pro2-programmet

Kundar

>>
Tracksa as:
Produsent av lysvarslingssystem til
motorsport. Her er kundebehov, produkt-
utvikling og design vevd saman.
Designer: Hareide Designmill

Vestnes Innredning as:
Suksess med møbelkonseptet Willy,
som er utvikla med utgangspunkt i
kundebehov og med fokus på design.
Designer: Ralston & Bau

Lilaas as:
Styrehendel for større båtar.
Strategisk satsing på produktutvikling og
design gav firdobling av omsetninga.
Designer: Hareide Designmill

 



Login Copyright (c) 2012 Bedriftsnettverket