Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane

  Search


ill_tekno1.jpg


Vil du bli trainee og skape deg ei karriere i heimfylket?

Trainee-programmet i Sogn og Fjordane som er eit samarbeid mellom Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane er no slått saman med trainee ordninga til dei store verksemdene. Dette gjer at Sogn og Fjordane no har fått ei felles, bransjeovergripande Traineeordning til det beste for heile fylket.  Målet med ordninga er å få ungdom frå Sogn og Fjordane med utdanning frå universitet og høgskule til å satse på ei karriere i fylket.
Opptak til ordninga skjer i vår og i august startar 20 personar opp som trainee i ulike verksemder i fylket vårt

Programmet skal vere bransjeovergripande og er bygd opp slik at det skal kunne tilby trainee-stillingar innafor industri/teknologi, data og informasjonsbehandling, sal og marknadsføring, økonomi og reiseliv, og bygg og anlegg.

Målet med Trainee-Programmet i Sogn og Fjordane:

•       Etablere kompetansearbeidsplassar i Sogn og Fjordane for ungdom med høgare utdanning.
•       Rekruttere høgt kvalifisert arbeidskraft til Sogn og Fjordane.
•       Trainee-prosjekt som vert gjennomført i bedrift skal ha i seg element av innovasjon og
         nyskaping.
•       Koplinga utdanning-næringsliv skal styrkast gjennom Trainee-programmet.
•       Trainee-programmet skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til Høgskulen
         i  Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen.
•       Trainee-prosjekta skal bidra til å auke talet på nyetableringar i fylket

Når du er ferdig med utdanninga anten på bachelor- eller masternivå er du kvalifisert til å søkja traineestillingar i bedrifter i Sogn og Fjordane. Som trainee vert du tilsett i eit år med full løn og med tett oppfølging av eigen mentor. Dette er ein eineståande sjanse til å vidareutvikle deg og byggje opp eige nettverk til bedrifter og andre traineear som du vil møte på fleire fellessamlingar. Perioden som trainee vil gje deg god og relevant arbeidserfaring, slik at du blir meir ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Normalt vil ein trainee bli fast tilsett i bedrifta etter traineeperioden. Dette er ein utmerka start på ein karriere i arbeidslivet.

Dersom du ønskjer å søkje ei trainee-stilling i Sogn og Fjordane kan du ta kontakt med prosjektleiar : Charlotte Hartvigsen Lem på charlotte@lem.no eller gå inn på http://www.traineesfj.no

 


  Du er her: Prosjekt * Trainee-ordning

Om oss

Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø og det offentlege.

Målet er  kunnskapsutvikling, innovasjon og nyskaping i Sogn og Fjordane. Bedriftsnettverket er i dag eigd av bedrifter innan industri, marine næringar og andre næringar.
Les meir...

 


Login Copyright (c) 2012 Bedriftsnettverket