Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane

  Search


Eit steg nærmere eit regionalt innovasjonssenter i Førde

Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane har fått 600.000 kroner til eit forprosjekt som vil etablere eit regionalt Innovasjonssenter med kontoradresse i Førde.

Senteret skal kople ny teknologi opp mot områda helse, energi og finans i tett samarbeid med m.a. Kunnskapsparken og Sunnfjord Næringsutvikling.

– Vi vil ta endeleg stilling til etableringa når forprosjektet er ferdig, men det er viktig for fylket å få til eit tettare samarbeid mellom næringsliv, høgskule og universitet. Vi må satse sterkare på forsking og innovasjon i bedriftene. Det seier styreleiar i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, Atle Hamar.
Målet er å hjelpe fram nye bedrifter og skape nye arbeidsplassar. I tillegg vil senteret kartlegge kva behov eksisterande bedrifter har og hjelpe dei gjennom kunnskap, innovasjon og samarbeid med andre bedrifter.
Det er styret for “kompensasjonsordninga for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal” (INU) , som no finansierer forprosjektet. Innovasjonssenteret har tidlegare hatt arbeidstittelen SF Teknologi og forprosjektet er ei vidareføring av det arbeidet.
 
For meir informasjon, kontakt styreleiar i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, Atle Hamar, tlf. 992 84 300.
 
Med vennleg helsing
Ole T. Kleiven, prosjektleiar
Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane
www.bedriftsnettverket.no

 


Lagt inn: 23.11.2010 (Arkivert 30.11.2010) | Lagt inn av: bednett

Tilbake...

 


  Du er her: Startside



Login Copyright (c) 2012 Bedriftsnettverket